Vår historie
Sverre Årdalsbakke, grunnleggjaren av Årdalsbakke Elektro, gjekk på teknisk fagskule i Porsgrunn like etter krigen. Då han kom heim til fylket i 1949 etter å ha vikla motorar i Porsgrunn i eitt år, fekk han arbeid hos installatør Hunskår i Breim.
Hans første oppdrag var å installere straum til alle husstandar i Stardalen og på Klakegg.
Etter nokre år, der han også tok sjølvstendige arbeidsoppgåver, blei Sverre tilsett hos installatør Sigurd Årseth på Eikås i 1958. Det fyrste huset han la inn skjult installasjon i, var huset til anders T. Årdal i Årdal.
Sverre arbeidde hos Årseth til 1961 då han tok installatørprøven og starta for seg sjølv.
Byrjinga av Årdalsbakke Elektro
I 1952 bygde Sverre eige hus på Skei som frå 1961, då han starta bedrifta og heilt fram til 1997 fungerte som forretningsbygg og lager.
Sonen Svein tok utdanning i allmennfag ved Firda V.G. skule på Sandane frå 1977 – 80. Deretter gjekk han to år på Gjøvik Ingeniørhøgskule. Frå 1984 jobba han som lærling i firmaet, til han 1987 tok montørprøven og blei medeigar i Inst. Sverre Årdalsbakke & Co som det då heitte.
Årdalsbakke Elektro skifta Leiar
1.1 1991 blei vi aksjeselskap og Svein tok over som dagleg leiar i Årdalsbakke Elektro AS.
30. august 1997 opna vi det som no er kontor og lager.
Sverre har vore aktiv fram til 2005, han gikk bort den 4.1-2011 nesten 92 år gammal.